LightWEB
LightWeb



 

Velkommen til Pernilestø Gjestehamn 

 

 

PERNILLESTØ GJESTEHAMN


Plass til ca 8 fritidsbåter.

Tilgang til dusj/wc,

Utemøbler, grill, vatn og straum.

 
Lita og fredeleg gjestehamn. Gjestehamna ligg på austsida av Gjelsa. Leia går inn sundet ved Hovden, forbi Nikøy vidare inn sundet på vestsida av Hågøy. Kaia ligg då på babord side litt før du kjem til "Hita-brua". 
 
På kaia ligg også sjøhuset, som har to leiligheter i andre etasje. Pernillebu 1 og Pernillebu 2 + Pernillehytta.








Litt Lokalhistorie


Pernillestø, som ligg under garden Nordøy, Nordre Gjelsa, har fått namnet etter Pernille Sørensdotter frå Gjørøy - ei naboøy mot aust. ;-) Ho var fødd i 1799.

 
Pernille hadde eit godt auge til Mourits (Gillesøy)  i Gjelsa. Ho gjorde seg difor ofte ærend dit. Men for å gjere besøka litt lenger, rodde ho alltid frå Gjørøy til denne støa på austsida av Gjelsa. Herfrå måtte ein gå over ei vik/fjøre. Dette let seg berre gjere på fjøre sjø. Når floa kom, måtte ein vente 5-6 timar. Dersom dette intraff på kvelden, måtte ho overnatte.
Etter som historia gjekk, skjedde dette både titt og ofte. Dermed fekk Pernille det som ho ville, og vart gift med Mourits i 1821. ;-)


Dei fekk ein son i lag i 1825. Men ho vart enke allereie i

1832. Ho gifte seg oppatt 2 gonger til, og fekk tilsaman 6 born.


Pernille var også tanta til Katrine, ei anna dame frå Gjørøy,  og Mourits var onkel til Knut frå Gjelsa. Katrine og Knut vart gift i 1888 og var mine tipp-oldeforeldre.

 
Noko av det kjæraste Katrine eigde var ein gyngestol - Den har eg tatt vare på. Og den kan fortsatt brukast til filosofering og andre tankeeksperiment. ;-) ;-)


- Ingrid A. Gillesøy -  

 























"Tror du da, at det du søker

står i bøker
eller at du gjennomskuer
dine hemmelige feil
ved å stirre inn i et speil?"
Knut Ødegård





Bulandsferie
                   
Adresse: N-6987 Bulandet

Mobil: +47 916 919 18
Web: www.bulandsferie.no
E-mail: bulandsferie@gmail.com
 
Tilbakemeldinger

Facebook
 
 
Været

Kart            





© LightWeb